Veterannisssane i musikklaget heldt i dag, veslejulaftan, ein vakker julekonsert i sentrum av Uskedalen, ved Gamleskulen. Både tidspunkt og stad var bevisste valg frå den glade og aktive musikkgjengen. Frå sentrum kunne mange få ta del i juletonane sjølv om dei ikkje hadde anledning til å gå heimanfrå. Konserten starta kl.16 i tilnærma fullt dagsljos. Då dei siste julesongane “Det lyser i stille grender” og “Deilig er jorden” tona ut som dei siste av 12 nummer, var det blitt heilt mørkt. Dette gjorde konserten ekstra stemningsfull.

Med julagrano i bakgrunnen skapte musikarane ein stemningsfull konsert.

Svært gledeleg for musikarane var det at det kom fleire tilhøyrarar denne fine vinterettermiddagen enn dei hadde rekna med. Veret var perfekt, – stille og rundt 0 grader. Dermed var ingen musikarar plaga med at ventilane fraus. Musikken, skumringa og brennande faklar fekk fram julestemninga hos alle som var til stades. Denne nyskapinga var så vellukka at det bør gjentakast til neste år. Tilbakemeldingane frå publikum understreka og dette.

Etter vel utført konsert samla musikarane seg i kjellaren i Gamleskulen til kaffi, noko å bita og litt god førjulsdrøs. Dette blei siste spelinga i 2021. Tradisjonelt har det vore på julefesten i Vonheim i romjula. Men den 34 år samanhengande tradisjonen for musikarane blei broten i fjor på grunn av korona.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Vegard Døssland