Stemneplassen - nye vindaugo er montert på møterommet
Arbeidet med renovering av møterommet på Stemneplassen går etter oppsett program. Det er dei siste vekene sett inn 8 nye vindaugo på langsida mot elva. I går var Audun Eik, Ove Magne Myhre og Tore Nordahl-Pedersen på plassen og sette på foringar og lista ute og inne. Møterommet er alt teke i bruk. Det er på planen å leggja nytt golv, dersom pengane strekk til.
Med ei investeringsløyving frå kommunen på kr. 90.000,- er det utført eit omfattande arbeid med scenebygget og møterommet. Det som lenge såg ut til å vera lekkasje, var kodens mellom betongplata og innvendig isolasjon og tak. Alt vart rive og nytt tak med luftig og ventilasjon er på plass.
40 år gamle vindaugo hadde gjort si teneste. Mykje regn i sterk vind førte til lekkasje og utvending var alle karmane rotne. No er vidaugo skifta. To av dei kan opnast.
Alle veggene i møterommet er målte. Borda er slipte og olja. Det er søkt midlar til TV skjerm på vegg og installering for internett. Møterommet med kjøkken, garderobar og toalett vil ha ein teneleg funksjon for alle typar møte og samlingar. Rommet kan også vera eit godt øvingsrom for band og mindre song- og musikkgrupper. Akustikken er framifrå.
Alt arbeidet er gjort på dugnad. Medlemer i dugnadsgruppa har hjelpt til. Ove Magne Myhre og Audun Eik har vore byggeleiarar. Ein tidlegare glasmeister frå Os, Tore Nordahl-Pedersen, har vore viktig å ha med i arbeidsgruppa.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal