Stemneplassen er rigga og klargjort til konsert og friluftdaktivitetar i morgon, tysdag 9. august kl. 18.00. Kjell Musland startar figurskjering frå kl. 17.00 og eit ferdig produkt vert synt fram som ein del av programmet. Nytt og spennande er innslaget med Chris Fossli. Han har i heile dag monterte ulike installasjonar for born og vaksne. Det er mellom anna ein lang taubane som går over heile plassen. Med dette innslaget kan vi fullt ut sei at Uskedal Friluftslag lever opp til namnet sitt der område verkeleg vert brukt til idrett og fysisk fostring. Uskedal musiklag sviktar ikkje. Bandet spelar i to avdelingar. Til slutt vert det trekking i det andre vedlotteriet dette året. Det er er sjølvsagt høve til å ta lodd mens programmet pågår. Hestskokastinga er eit fast innslag, leia av sjølvaste Bjørgulv Eik. Friluftslaget ynskjer alle velkomne til ein triveleg kveld på Stemneplassen i Skårhaug. Parker i sentrum eller ved Bedehuset.

Ove Magne Myhre gjer siste finpuss før konsert- og friluftskvelden, tysdag 9. august.
Kjell Musland skjer figurar med motorsag. Kom og sjå kva han skjer på Stemneplassen.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Ove Magne Myhre/Kristian Bringedal/ Arkivfoto