Med god hjelp frå den trufaste gjengen gjekk dugnaden på Stemneplassen i går etter oppsett plan. Det meste av det, som stod på dugnadslista, vart gjennomført og dermed er plassen klargjort for 17. mai og sommarsesongen. Etter samlinga ved Bautasteinen kl. 12.30 går folketoget til Stemneplassen der det er tale, blomenedlegging, musikk og song. Det er kl. 13.15. Den årlege sommarkonserten er lagt til tysdag 14. juni. På dugnaden i går vart det raka og køyrt bort lauv og greiner. Benkene i amfiet skal reingjerast med høgtrykkspylar og deretter oljast. Dersom nokon har ledig tid, er det ein liten jobb med å slå kanten på nedsida ved oppkøyrsla med kantklyppar. Ta kontakt med Audun Eik.

Kaffi og den gode samtalen høyrer med på alle dugnader.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal