Sterk vind og regn var ikkje noko hindring. 12 personar møtte fram til den årlege dugnaden på Stemneplassen. Seks av ti medlemslag var med dette representert og innan 2 – 3 timar var det meste gjort og Friluftsplassen er klar for bruk, både på Nasjonaldagen og seinare i sommar med friluftskonsert og vedlotteri.

Med god organisering og planlegging vart arbeidsoppgåvene gjennomført:

  • Samla lauv, greiner, rusk og rask
  • Reinska grøft og kum
  • Vaska og høgtrykkspylte alt treverk ved inngangspartiet
  • Skar buskar og rydning med ryddesag
  • Staka opp drensrøyr som var tett

Alt i morgon i finveret er det fram med plenklypparen. Då er endeleg Stemneplassen klar for Nasjonaldagen 2021.

Ove Magne Myhre driv rydding med ryddesag.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal