Det dyrka arealet på Steinar og Cathrine Haugland sin eigedom på Hauglandsheio blir stadig utvida. Akkurat no er det arbeid på gong på to område. Det eine er klart til såing medan det andre er eit langtidsprosjekt der Haugland Mjølk og Maskin DA no sprenger ut stein. Eit område er ferdig, og der er det andre sesongen dei har hausta gras. (Bildet over.)

Steinar Haugland fortel at dette område har berre lege der utan at dei har fått utnytta det skikkeleg på grunn av høgspentlinjene som går over. Han var inne på tanken å planta juletre der, men det fekk han ikkje lov til. Då det var linjearbeid for eit par år sidan, nytta han muligheten til å dyrka området under linja medan den var kopla ut, og så har dei arbeidd ute på sidene etterpå. Det har resultert i om lag 5 mål med grasmark som no har gitt avling to siste åra. No er rundt 12 mål klart til såing i forlenginga av dette. Steinar Haugland fortel at han hadde tenkt å så det no i haust, men sidan det har vore så vått vil han venta til våren. Dyrkingsarbeidet på desse to areala har blitt gjort av dei sjølve med eigne maskinar.

Dette arealet skal såast til våren.

Siste dagane har Haugland Mjølk og Maskin DA greve reint berg like nedanfor og gjort klar til å sprenga meir der dei tar ut steinmassar.
– Det er no eit langtidsprosjekt, seier sonen Pål Ingmar Haugland som nett har byrja som lærling hos Dimmelsvik Entreprenør, og legg til at det vil bli fleire sprengingar før det er klart til planering. Avtalen er at Haugland Mjølk og Maskin DA tar ut massane mot at dei steller det til etterpå.
– Det blir nok nokre år til det blir ferdig, men då blir den eksisterande bakken utvida med 6-7 mål i tillegg til at den får meir rektangulær og lettdriven form, avsluttar far og son Haugland.

I framtida skal også plassen der Haugland Mjølk og Maskin DA bli dyrka mark.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland