Etter toppen i 2017 med 1074 innbyggjarar og nedgangen i folketal frå 2018 har folketalet vore stabilt i Uskedalen. Det er rett nok ein nedgang på ein person frå januar 2020 til januar 2021. Uskedalen er med eit folketal på 1048 den femte største bygda i Kvinnherad, bak Husnes, Valen, Sunde og Rosendal. Frå teljinga i 1960 og fram til i dag har folketalsauken i Uskedalen vore på 288 personar.

Rosendal er bygda med størst auke det siste året, heile 42 personar. Valen har passert Sunde på statistikken. Sjølv Husnes har nedgang i folketalet, med – 7 personar. Nabobygda Herøysundet har også eit stabilt folketal på 639 personar, det same som året før.

Faktorar for å halda oppe folketalet vert ofte nemnde som tilgang på hustomter, skule- og barnehagetilbod, kultur- og fritidsaktivitetar, nærbutikk, arbeidsplassar og andre sentrumsfunksjonar og infrastruktur. Uskedalen har det meste. Nye bygdeutviklingstiltak er på gang. Eit planlagd klatresenter vil til dømes gjera bygda meir attraktiv. Kultur- og trivselstiltak er ofte det som skal til for at få tilflyttarar til Uskedalen.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Marit Hjønnevåg
Kjelde: Grenda