Den kjende og avhaldne språkprofessoren og NRK-profilen Sylfest Lomheim er gjest på neste møte i Senioruniversitetet, i Rosendal torsdag 11. april kl 11.00. Han vil i dette høvet snakka om korleis vi kommuniserer i dag. Det er veldig utbreidd blant både unge og eldre kommuniserer via telefon og PC. Det går i meldingar, chatting, snappar, Instagram, Tik-Tok, FaceBook, e-post osv. Å snakka saman, på gamlemåten, ansikt til ansikt, er det utdatert? Kva vinn me og kva mister me i vår digitale kommunikasjon?





“Ingen ting kan erstatte samtalen, ansikt til ansikt” hevdar Lomheim og han seier dette om innhaldet i føredraget sitt : Det moderne mennesket på totusentalet, midt i kommunikasjonsteknologien, har lett for å gløyme at verken tekst eller teknologi er det naturlege menneskespråket. Menneska har snakka i fleire hundre tusen år, like sidan menneskeslekta levde i Afrika.

Noreg har vore eit fullt ut skriftsamfunn i berre to hundre år, og me har hatt mobil og internett i kvardagen vår i godt og vel tjue år. Endringane er store og dramatiske. Sjå berre kva som skjer i dag når me tek i bruk kunstig intelligens, og tenk på kva rabbien frå Nasaret utretta gjennom talar og samtalar.

Alt dette og meire til vil føredraget handle om. Kjenner me Sylfest Lomheim rett, så blir dette ei interessant betraktning, vel verd å høyre på. Etter føredraget vert det servert eit enkelt måltid.Me minner om at møta i Senioruniversitetet er opne for alle som har tid og lyst til litt fagleg påfyll og ein god drøs, “ansikt til ansikt”, på ein torsdag føremiddag.

Tekst/foto:Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal