Til møte i Kvinnherad kommunestyre, torsdag 17. februar, vert det fremja spørsmål til ordføraren om status i planarbeidet med gang- og sykkelveg Uskedal Bru til Steinsletto/Børneset. Tanken var ein interpellasjon, men tidsfristen om innlevering ei veke før møte, gjer at det vert grunngjeve spørsmål. Saka er løfta fram av partiet Venstre. Det føreligg også brev frå Trafikksikringsgruppa i Uskedal Utvikling i den same saka. Gruppa er lova møte med kommunen både på administrativt og politisk nivå. Bilete syner Remi Onarheim ( leiar i Uskedal Utvikling ) i Buasvingen med murkant og fallhøgde 5 meter ned i grunnen ved Eikelandet Brygge.

Vegen frå Porsen og fram til svingen ovom Mørkevågen er svært trafikkfårleg.

Alle kjenner bakgrunnen for kravet om ein trygg og sikker gangveg frå uskedalsbrua og fram til Steinsletto og Børneset. Prosjektet er ikkje med i kommunale planar, heller ikkje Kvinnheradpakken. Spørsmåla, som vert sett fram i kommunestyremøte, er:

  • Kva er status i arbeidet med å få dette prosjektet inn på prioritert liste.
  • Når vi veit kor lang tid det tek med reguleringsplan, prosjektering, grunnforhandlingar og saksførebuing, kva kan ordføraren gjera for å få fortgang i denne saka.
  • Kan det vera ei løysing å søkja ekstraordinære midlar frå stat/fylke til planarbeid/ oppstart.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal