Arkiv- og kulturhistorisk gruppe hadde sitt andre møte i kveld. Det er stor interesse og mykje godt arbeid er alt i gang. På møte i kveld kom det fram at store deler av Uskedal Idrettslag sitt arkiv truleg er gått tapt. Ei eiga temagruppe jobbar særleg med å finna meir ut om lagssoga til Idrettslaget frå 1927 og fram til i dag. Det føreligg rett nok årsmeldingar frå 1972, ei møtebok og alle messeavisene som var skrivne til Uskedalsdagane. Elles er mykje kasta og dermed tapt.

No spør gruppa om det kan finnast arkivmateriale på bygda, i skuffer og skåp i heimane privat. Dersom du finn noko frå og om Uskedal Idrettslag, bed vi deg ta kontakt. Meld frå til Astrid og Pål Haugland.

Det kan vera:

  • Møtebøker, referat, protokollar
  • Resultatlister
  • Stemne- og turneringsprogram
  • Strandstafetten
  • Frå pokalkampane med IL TRIO og Rosendal Turnlag
  • Frå arbeidet med idrettsbanen Heio og grusbanen, seinare Kunstgrasbanen, i sentrum
  • Frå Sunnhordlandmeisterskapet i friidrett
  • Pokalar og premiar med inskripsjon
  • Uskedalsdagane
  • Utklypp frå aviser og blad
  • Bilete
Med alle på lista tel gruppa 20 personar. 10 tema er valde ut for nærare arbeid.

Andre grupper jobbar med tema som:

  • Lag og organisasjonar – nedlagde lag og arkivet deira
  • Lokale tekstar: Prologar, songar, dikt, kåseri og helsingar
  • Utvandring
  • Krigsminne
  • Farty frå og med tilknyting til Uskedalen
  • Dagleglivet/ livsminne: Store og små hendingar
  • Foto


Heile 20 personar er på lista så langt. Det er høve å melda si interesse. Kontakt via nettet gjer at interesserte ikkje treng bu i Uskedalen. Målet er arkiv- og lokalhistorisk arbeid, registrera og systematisera lokalt minnestoff med allmenn interesse. Ulike former for formidling er ein viktig del av arbeidet.
Neste møte vert i august/september.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal