Barnas turlag inviterer til spikkekurs på bygdetunet Rød i Uskedalen. Kurset eignar seg for born i alderen 6-13 år. Kurset går frå kl. 12.00 til kl. 15.00. Kursleiarar er Jan Øvstebø, Kjellrun Eik og Siv Framnes.

Har du lyst til å spikka og laga ting i tre? På kurset vil det vera mogleg å spikka leiker, for eksempel sprettert til å sprekka ballongar med, smørekniv, propellbåt til leik i bekken, knaggar og eigne fantasifigurar. Lær deg å laga nyttige og unyttige ting i tre.

Du vil læra om sikker bruk av kniv, sag og øks.

Kva med ein knagg til rommet, ein trefigur, smørkniv eller ring på pinne?

Ta med eigen spikkekniv, niste og drikke.

Parkering på tilvist plass merka med P-skilt ved Bøkkeren og nedanfor Rødtunet.

Påmelding her: www.bergenoghordalandturlag.no/turer-og-kurs/

I den gamle røykstova på Rød er du sett 100 år tilbake i tid.
Tekst: Pressemelding
Foto: Siv Framnes
Nett: Kristian Bringedal