Eit utval av musikarane i Uskedal Musikklag spelte på instrumenta som vart kjøpt frå det nedlagde Halsnøy Musikklag i 1936. Instrumenta er langt eldre. “Oppstartkorpset” framførte No livnar det i lundar. Innslaget var ein del av lagssoga, framført som ein samtale, song, foto og lydopptak frå 1950 åra.

Heider og ros til f.v. Ståle Eik, Lars Myklebust og Knut Steinsletten for trufast arbeid med Julagrano.
  • Bjørgulv Eik dekka den eldste delen av musikklaget si soge, før 1940 og om lagsdrifta i krigsåra. Den fyrste dirigenten var musikkltn. Klette frå Rosendal.
  • Arnhild Myklebust var saman med Amanda Wang den fyrste kvinna i korpset. Ho synte fram uniforma og delte mange gode minne frå åra ho var med, mellom anna frå stemne og turar. Ho skildra levande ein tur dei hadde til Landsstemna i Stavanger med båt der dei låg på halmseng i lasterommet.
  • Ståle Eik fortalde om åra i den fyrste Guttemusikken. Knut Steinsletten var med i den andre gruppa av Guttemusikken på 1960 talet.
  • Hans Reidar var oppdressa i uniforma laget fekk tidleg på 1980 talet.
  • Thor Inge synte fram pokalen laget vann i Hordaamatøren.
  • Ståle Eik, Bjørgulv Eik og Per Myklebust framførte songen til Guttemusikken, skriven av Amanda Wang i 1957.
Oppstartkorpset spelar på instrumenta som vart kjøpt og henta på Halsnøy.
Song skriven av Amanda Wang til Guttemusikken i1957, framført av f.v: Bjørgulv Eik, Per Myklebust og Ståle Eik.
Jubilantfesten vart avslutta med allsong og bruk av den kongelege skipsklokka.

Jubileumsfesten vart avslutta med allsongøkt, eit varemerke for jubilanten. Mange av songane er arrangert til Uskedal Musikklag av Per Olav Paulsen frå Sagvåg.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Inga Tveito