Bjørgulv Eik spela for første gong på 17.mai i 1948. Etter det har han spela på kvar einaste nasjonaldag med eitt unntak. Det året var han i militæret i Stavern. I år spelar han altså for 73. gong, og det gjer han på ein flunkande ny Yamaha kornett som han fekk overrekt på øvinga tirsdag ettermiddag. Nevøen hans, 77 år gamle Ståle Eik, er også for veteran å rekna. Han spela første gong på nasjonaldagen i 1956 med Guttemusikken. Også han stiller med nytt instrument takka vere raus gåve frå Sparebankstiftinga.

Sjølv om Bjørgulv no er godt inne i sitt 89. år, er han forbausande nok i stadig musikalsk utvikling. No har nemleg den tidlegare gardbrukaren, mjølkekontrolløren, skodespelaren, ………og…… tid til øving. Han fortel at den første trompeten han spelte på slett ikkje var ny, men det var no låt i den. Vidare seier han at sist han fekk nytt instrument var for vel 35 år sidan, så det var kjekt å få nytt. Det verkar som han alt trivest på Yamaha`en. “Eg trur den er litt lettare å blåsa på,” seier han optimistisk.

Bjørgulv og Ståle Eik stiller begge med flunkande nye instrument på 17.mai etter gåve frå Sparebankstiftinga Kvinnherad.

Ståle Eik har siste åra spela althorn, og nyehornet hans er også av merket Yamaha. Han er svært godt fornøgd etter første øvinga på det. Han syntest det fungerte veldig godt. ” Eg trur det var lettare å koma opp i høgda på det. Eg likte det,” var dommen.

Ståle var med i Guttemusikken frå starten (januar 1956), og til 17.mai 1956 hadde dei klart å øva inn nasjonalsongane. Om morgonen spela dei saman med vaksenkorpset, og på barnefesten i Helgheim spela dei åleine for første gong. Det var stor stas. “Eg var faktisk ikkje så lenge etter Bjørgulv første gongen, men på antalet slår han meg kraftig, for eg hadde ein litt for lang pause,” forklarar Ståle.

Også Audun Eik kan venta på nytt instrument. Han får ikkje sitt før i juni, for dei hadde ikkje barytonen han skal ha på lager. Før sommaren er nok også dette instrumentet på plass, og då har bandet kjøpt 3 kornettar, 2 trombonar, baryton, althorn og Ess-tuba, instrument til borti 300.000 dei siste åra. Dette har blitt mogeleg takka vere kjærkomne og rause gåver frå Sparebank 1 Stiftinga Kvinnherad.

Dette er til stor glede for bandet, men det vil også glede mange andre. Musikarane er nemleg svært aktive og spelar i mange samanhengar gjennom året. Litt redusert har det blitt siste året, men bandet har ut frå situasjonen vore aktive med helst bra med utespelingar.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.