Kurt H. Hauge sender oss tips og fortel at han ein dag såg spekkhoggar frå hyttevindauga. Brått dukka det opp 3 spekkhoggarar på nordre Skorpevågen. Dei var mest heilt inne i stranda. Dei hadde det vist travelt for det vart ikkje tid til fotografering. Mannskapet på ein oppdrettsbåt fekk truleg filma dei. Spekkhoggaren er kraftig, hurtig og glupsk, lever av andre sjøpattedyr. Den vert også kalla staurkval, ein tannkval av delfinfamilien. Hanndyret kan bli opp til 9 meter, hoa noko mindre. Eit kjenneteikn på hanndyret er den trekanta ryggfinnen.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto 2021 i Storsund