I denne veka vart det observert spekkhoggarar i Storsund, fann vegen inn Gavelen på si ferd mot indre Kvinnherad. Spekkhoggar, også kallla staurkval, er ein tannkval som høyrer til delfinfamilien. Namnet staurkval kjem av ryggfinnen som ser ut som ein staur som stikk opp. Spekkhoggaren er eit flokkdyr som særleg på vinteren beitar på norskekysten i sildestimar. Fram til om lag 1980 var staurkvalen en del av næringa småkvalfangst. No er det mest økoturisme og opplevinga med å sjå spekkhoggaren i sjøen. For kort tid sidan vart det registrert spekkhoggar i Ulvik. Bilete er ikkje det beste. Dersom nokon har betre bilete, send til uskedalen.no.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Tore Langballe