Det er observert spekkhoggarar i Storsund i dag, påskeafta. Det er teke bilete utanfor Korsneset. Spekkhoggaren er ein staurkval, ein tannkval av delfinfamilien. Dei er kraftige, hurtige og glupske dyr som livnærar seg på fisk og andre sjøpattedyr. Lenge vart det sagt at hodyret berre var halvparten så stort som hanndyret. Norsk forsking har synt at dette ikkje er tilfelle.

Noko skilnad i storleik er det likevel. Hanndyret kan bli opp mot 9 meter, hodyret 7,5 meter. For å skilja hann og hoa, må sjå på ryggfinnen. Hanndyret har nemleg ein trekanta ryggfinne opp mot 2 meter lang.

Spekkhoggaren finn du over alt i verda. Det er eit vanleg syn i norske farvatn.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kurt Malvin Haugland