I dag vart det observert spekkhoggarar i Storsund, på si ferd inn fjorden. Spekkhoggar, også kallla staurkval, er ein tannkval som høyrer til delfinfamilien. Namnet staurkval kjem av ryggfinnen som ser ut som ein staur som stikk opp. Spekkhoggaren er eit flokkdyr som særleg på vinteren beitar på norskekysten i sildestimar. Fram til om lag 1980 var staurkvalen en del av næringa småkvalfangst. No er det mest økoturisme og opplevinga med å sjå spekkhoggaren i sjøen. Dersom nokon har betre bilete, send til uskedalen.no.

kb