
Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad - ny gåveutdeling måndag 14. november.
Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad er klar for ny gåveutdeling, måndag 14. november kl. 18.00 på Husnes. Vi er kjende med at fleire lag og organiasjonar frå Uskedalen er inviterte til samlinga for å ta mot gåve til sine prosjekt. Med eit samla søknadstal på 162 er det klart at ikkje alle vert tildelt midlar i denne omgang. Den samla søknadssummen ligg på heile 34 millionar kroner. Bilete på topp er frå gåveutdelinga i vårhalvåret.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal