SpareBank 1 - stiftinga Kvinnherad inviterer til gåvetildeling tysdag 2. mai.
Gåvetildelinga våren 2023 frå SpareBank 1- stiftinga Kvinnherad vert 2. mai kl 18.00 i Kulturhuset Husnes (Festsalen). Lag og orgnisasjonar, som er tildelt gåve denne gongen, er inviterte. Stiftinga skal dela ut 11 millionar fordelt på 84 gåver. Med denne tildelinga passerer SpareBank 1-stifitnga Kvinnherad totalt 150 millionar tildelt sidan starten. Det skal sjølvsagt markerast. Gåvemottakarar frå Stord og Odda er og invitert til denne utdelinga. Mange gode prosjekt i Uskedalen er tidlegare tildelt gåve, noko som truleg også vil skje denne gongen. Bilete syner gåvemottakarane frå Uskedalen hausten 2022.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto 2022