SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad - 50 000 til samlingslokale i Aktivitetshuset.
På den siste gåvetildelinga i SpareBank 1- stiftinga Kvinnherad vart Uskedal Idrettslag tildelt ei gåve på kr. 50 000,- som skal brukast til samlingslokale i Aktivitetshuset. ( Sjå bilete på topp ). Stiftinga har fire gonger tidlegare delt ut gåver avgrensa til maks kr. 30 000,-. Av desse finn vi fleire lag og organisasjonar frå Uskedalen. Samla tildeling hausten 2024 er på 7,7 mill. kr.
Med bakgrunn i forenkla søknad fekk desse laga gåve:
- Uskedal Musikklag
- Uskedal Sundagsskule
- Uskedal Helselag
Søknadsportalen for nye søknader med løyving inntil kr. 30 000,- opnar 18. november.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Thor Inge Døssland / SpareBank 1- stiftinga Kvinnherad