
SpareBank 1-stiftinga: kr. 845 000,- til seks prosjekt i Uskedalen.
Seks prosjekt fordelt på fire lag frå Uskedalen vart tildelt kr. 845 000,- i gåve frå SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad i kveld. Den største gåva på kr. 400 000,- gjekk til Uskedal Friluftslag til prosjektet Vegsikring, P-plass og asfaltering. Uskedal Utvikling fekk kr. 200 000,- til Gamleskulen. Les meir om tildelingane under, i den rekkjefylgje dei vart presenterte. Den totale gåvetildelinga i hausthalvåret er på kr. 7,3 millionar kroner. fordelt på 80 søknader. Tildelinga i kveld omfatta også gåver til prosjekt i Odda og på Stord.

- Uskedal utviking: kr. 200 000,- til Gamleskulen
- Uskedal Ungdomslag: kr. 34 000,- til ny ovn på Fjelly
- Uskedal Idrettslag:: kr. 50 000,- til Samlingsstad Foajeen
- Uskedal Utvikling: kr. 61 000,- til Moro for dei minste
- Uskedal Idrettslag: kr. 100 000,- til Tak øve hove
- Uskedal Friluftslag: kr. 400 000,- til Vegsikring, P-plass og asfaltering
Innlegg med fleire bilete kjem seinare.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal