Då er vi klare yil å presentera siste tredjedel av årets julekonkurranse som er eit samarbeid mellom Spar Uskedalen og denne nettsida. I dag er det ordrebusar som skal føra til ulike fornamn, nokre er lette og andre er krev litt meir tankearbeid før aha-svaret kjem, og då kan de håpa på at den strenge dommaren og blir fornøgd-
Når de har arbeidd dåke gjennom oppgåvene frå alle tre dagane, kan de senda svara dåkes. Men de har framleis god tid på dåke. Svarfristen er jo ikkje før 28.12. kl.18.00.
Hugs å levera svara sjølv om de kanskje er usikre på ein del. Nettopp du/dåke kan vera blant dei heldige vinnarane.
Elles set vi pris på at vi har fått kjekke tilbakemeldingar etter at dei to første delene er publisert. Kjekt at det engasjerer rundt omkring!
Lukke til!

Ordrebusar. Finn fram til fornamn. (Her får de “ledetrådar” som skal føre fram til fornamn.)
Døme: Gud slå (blir Torvald), Gullvinnar (Einar) og LLLLL (Ella)

  1. Aluminium ro
  2. Kloke etter skratta
  3. Bokstav kamp
  4. Skred gnagar
  5. Første pytt
  6. 0 – 0 (Eller: Språklaus)
  7. Er 10.000m
  8. Sverige, Kina, Brasil, Norge…….
  9. Juvelar
  10. Delvis tåke

Lever svara samla på ein av desse måtane innan 28.12. kl.18.00.

  • Skriv alle svara på eit ark og lever dei inn til SPAR Uskedalen. Hugs namn!
  • Send svara frå alle tre dagane på epost til: uskedalen.no@gmail.com
  • Send svara samla som melding på messenger til underteikna (f.eks. som bilde).

Premiering.

  • Hovudpremien, den største posen som Gunn Mari held på bildet, blir trekt ut blant dei som har delteke og levert svar på oppgåvene som blir presentert alle dei tre dagane.
  • Andrepremien, den andre posen som Gunn Mari held på bildet, går til den som har flest rette totalt. Viss fleire er like, blir det loddtrekning.
  • Trøystepremiar(Flaxlodd). Det blir trekt ut tre trøystepremiar, – ein på kvar av dei tre oppgåvetypane. For å bli med i loddtrekninga, må ein ha 50% eller meir rette svar på den aktuelle oppgåvetypen.

Lukke til og takk for innsatsen til alle!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland