Då er vi klar med første del av julekonkurransen som er eit samarbeid mellom Spar Uskedalen og uskedalen.no. Spar Uskedalen stiller med flotte premiar. I denne konkurransen er det aller viktigast å kosa seg med oppgåvene, gjerne fleire i saman, og delta ved å senda i svar samla på oppgåvetypane som blir presentert i dag, i morgon og 2.juledag innan svarfristen den 28. desember. Hovudpremien blir trekt ut mellom deltakarane, men det er også fleire andre premiar. Vi håpar at mange vil delta og ha glede av konkurransen. Det går også an å ha interne konkurransar i heimen før svara blir sendt inn.

I dagens oppgåver skal de finna geografiske namn, land og kjende byar, som er skjult i setningane nedanfor:

Døme: Bonden sende en hel lastebil med sauer og lam på beite.

  1. «Det er alltid kjekt å handla på Spar i særs vakre Uskedalen!» sa kunden som kom langvegs frå for å kjøpa Gunn Mari sitt sylteflesk.
  2. Det var endeleg opphaldsver i Geilo-området og på Neset etter ein lang periode med mykje regn.(Geilo og Neset gjeld ikkje.)
  3. «Det var ein ganske så bra sildefangst i Lofoten for 20 år sidan,» fortalde fiskaren frå Ljosnes til NRK.
  4. «Det tordna jammen nok i natt», sa tenåringen oppi dalen etter uversnatta.
  5. «Er sjokolade og appelsin diabetesmat, då?» spurde fastlegen svært betenkt.
  6. «Brann sin trenarstab er nesten ubrukeleg», sa ein ivrig supportar.
  7. Åse spelte flott på ein gammal tamburin då Kristian fylte 70 år i sommar.
  8. «No må du ikkje gjera fleire alvorlege tabber, Line, for det kan få konsekvensar.»
  9. I ungdommen rocka me rundt i ei gammal beige Boble i helgane.

Svara kan levera på følgjande måtar saman med svara på oppgåvene som blir publisert det to neste dagane kl.12. Svarfrist 28.12. kl.18.00.

  • Skriv alle svara på eit ark og lever dei inn til SPAR Uskedalen. Hugs namn!
  • Send svara frå alle tre dagane på epost til: uskedalen.no@gmail.com
  • Send svara samla som melding på messenger til underteikna.

Premiering:

  • Hovudpremien, den største posen som Gunn Mari held på bildet, blir trekt ut blant dei som har delteke og levert svar på oppgåvene som blir presentert alle dei tre dagane.
  • Andrepremien, den andre posen som Gunn Mari held på bildet, går til den som har flest rette totalt. Viss fleire er like, blir det loddtrekning.
  • Trøystepremiar(Flaxlodd). Det blir trekt ut tre trøystepremiar, – ein på kvar av dei tre oppgåvetypane. For å bli med i loddtrekninga, må ein ha 50% eller meir rette svar på den aktuelle oppgåvetypen.

Lukke til!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland