Det store oppgraderingsarbeidet på Spar-butikken i Uskedalen går heilt etter planen, og då eg var ein tur innom i dag kunne dei fortelja at arbeidet var heilt i rute. Representanten frå Kjøpmannshuset var imponert over det gode førebuingsarbeidet som var gjort, og han var elles raus i rosen av leiarane og betjeninga i butikken.
Det er ei storinvestering på 5 mill. som no blir gjort med stor utskifting av utstyr og inventar. Alt av ventilasjon og kjøling blir nytt, og i tillegg får dei flunkande nytt kjøkken. Ein av leiarane ved Spar Uskedalen, Kjersti N. Børve, var veldig imponert over alt arbeidet som var gjort, og ho kunne fortelja at mesteparten av fagfolka kom frå lokale firma. Kvinnherad Elektro og Husnes Røyr var i full sving. Ventilasjon- og kjølingsarbeidet tok Stord-firmaet Winntec seg av i samarbeid med Roy H. Døssland i Rett Temperatur. Winntec har og leigt inn Into Elektro til deira del av elektroarbeidet. Bildet over viser ein del av arbeidsfolka i ein ståande brunchpause.
Fredag kl.06.00 opnar butikken for kundane.
– Vi er nok ikkje ferdig med absolutt alt då, seier Kjersti N. Børve, men då er vi klare til å hjelpa kundane, og frå då blir vanlege opningstider. Markeringa av nyopninga vert torsdag 16. mars, og då blir det servering av kake og kaffi.

Som kundar bør vi vera svært takksame for denne store investeringa. Til sjuande og sist er det vi som nyt godt av det. Den gode butikken vår blir endå betre! Vi gler oss til handleturane der!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland