Spar Uskedalen og Uskedalsida sin julekonkurranse 2022 - del 2
Vi håpar alle kan sjå tilbake på ei fin julaftan, og ønskjer alle ein fin 1.juledag. Vi håpar og at mange allereie har kosa seg med oppgåvene som vi la ut i går. Viss ikkje, har de god tid på dåke. Ta det når det passar. Ta gjerne ei økt, legg det litt vekk og fortset seinare.
I dag er det ordrebusar som er i sentrum for oppgåvene. De skal prøva å finna fram til 7 plasser i Uskedalen og 7 stader andre plasser i kommunen vår. Vi håpar det fell i smak. Og hugs! De treng ikkje å klara alle. Det viktigaste er å delta, og å ha glede av å klara nokre av oppgåvene.
I dag skal de altså fram til 14 geografiske namn; – 7 i Uskedalen og 7 frå andre bygder i Kvinnherad. Lukke til!!
Døme: Farga stein = Raudstein.
- Steinrikeeng
- Solodde
- Trefjellstryket
- Nedanfor hus
- Bergflata
- Fiskereiskaprike
- Skuldkjensle for insekt
- Stjernestein
- På hovudet er område
- Den siste fuglelyd
- Stolen bukt
- Fire stemmer sin pynt
- Brystsøkk
- Rettasundet
Svar frå alle tre delene skal leverast samla. De kan levera på følgjande måtar innan 28.12.22 kl.18.
- Skriv alle svara på eit ark og lever dei inn til SPAR Uskedalen. Hugs namn!
- Send svara frå alle tre dagane på epost til: thordossland@gmail.com
- Send svara samla som melding på messenger til underteikna.
Premiering:
- Hovudpremien blir trekt ut blant dei som har delteke og levert rett svar på meir enn 80 % av oppgåvene som blir presentert alle dei tre dagane.
- Andrepremien, den andre posen som Gunn Mari held på bildet, går til den som har flest rette totalt. Viss fleire er like, blir det loddtrekning.
- Trøystepremiar(Flaxlodd). Det blir trekt ut tre trøystepremiar. For å bli med i loddtrekninga, må ein ha 70% eller meir rette svar.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland