I juledagane er det tid for å nyta tida saman med familie og nære. God mat er sjølvsagt, men mange likar også å samle familien rundt både brettspel og “julenøtter”. Det er koseleg avveksling innimellom dei solide måltida.
I år vil uskedalen.no saman med Spar Uskedalen ha ein julekonkurranse med smakfulle premiar. Det er Spar som gjev premiane.
Konkurranseperioden er frå julaftan til fjerde juledag(28.12.) kl.18.00. Det blir lagt ut nye oppgåver julaftan, 1.juledag og 2.juledag, – alle dagar kl.12.00. Det blir ulike oppgåvetypar kvar dag. Vi håpar at oppgåvene passar slik at dei kan løysast av heile familien i samarbeid eller av enkeltpersonar som ønskjer det. Svara må vera innlevert innan tirsdag 28.12. kl.18.00.
I premieringa vert det lagt til grunn at ein ikkje nødvendigvis må vera best, men det viktigaste er å delta.

Det vert lagt opp til følgjande premiering:

  • Hovudpremien, den største posen som Gunn Mari held på bildet, blir trekt ut blant dei som har delteke og levert svar på oppgåvene som blir presentert alle dei tre dagane.
  • Andrepremien, den andre posen som Gunn Mari held på bildet, går til den som har flest rette totalt. Viss fleire er like, blir det loddtrekning.
  • Trøystepremiar(Flaxlodd). Det blir trekt ut tre trøystepremiar, – ein på kvar av dei tre oppgåvetypane. For å bli med i loddtrekninga, må ein ha 50% eller meir rette svar på den aktuelle oppgåvetypen.

Svara må altså vera levert innan 28.12. kl.18.00. Dei kan leverast på følgjande måtar:

  • Skriv alle svara på eit ark og lever dei inn til SPAR Uskedalen. Hugs namn!
  • Send svara frå alle tre dagane på epost til: uskedalen.no@gmail.com
  • Send svara samla som melding på messenger til underteikna.

Vi håpar at mange vil ha glede av å delta i konkurransen. Og hugs at det viktigast her er å delta og ha det kjekt saman med andre. Litt spenning blir det og.
Vinnarane blir offentleggjort onsdag 29.12.21.

Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland