SPAR Uskedalen og Uskedalsida har samarbeidd om jule- og påskequiz i ein del år. Det har vore svært populært med god deltaking. I år er påskequizen tilbake etter initiativ frå leiaren i Uskedal Utvikling, Gunn Mari Moberg. SPAR Uskedalen har fyllt eit stort påskeegg med godteri, og det blir hovudpremien.
Quizmasteren er i gong med oppgåvene, og del 1 blir lagt ut onsdag kveld medan del 2 blir publisert på påskeaftan. Svara skal sendast inn samla etter 2. runde. Meir info om dette seinare.
Vi kan røpa at oppgåvene blir litt annleis enn tidlegare. Om det skuldast minkande kreativitet hos quizmasteren med alderen, skal vera usagt. Mange av dei er tilknytta lokalmiljøet, og vi kan røpa at det er ein fordel å ha lese både i Uskedalsbøkene “Den nære fortida” og på Uskedalsida. For dei som vil førebu seg kan vi opplysa at “Den nære fortida” 1 & 2 er å få kjøpt på SPAR Uskedalen. Dei kan også kjøpast hos skriftstyret (vipps 76 28 03 og ved å betala til 3207.37.52026, merk “Bok nr”), og hos bokhandlane i Rosendal og på Husnes.
Vi trur quizen blir ein kjekk påskesyssel, enten ein deltar åleine, som familielag eller vennelag. Som alltid er det mykje viktigare å delta enn å få flest rette. Hovudpremien blir derfor trekt ut blant dei som har meir enn 90% rette svar.
God påske og kos dåke.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland