Opningsmarkeringa med gode tilbod på SPAR Uskedalen held fram i dag og i morgon. Fornyinga er merkbar med ny profil, nye kjølediskar, leddlys, ny ventilasjon, varmegjenvinning og betre plass. Panteautomaten med større kammer og kapasitet er ny. Varene har ny plassering og mange er å finna i lukka skåp med ny og tiltalande belysning. Straumsparing er eit viktig mål. Arbeidet med ein fornya SPAR butikk i Uskedalen er utført av lokale handverkarar. Representar frå SPAR har vore med på vareplassering og elles mykje førefallande arbeid.Tilsaman har eit 30 tals personar vore i sving med å få alt på plass til opninga i går kl. 11.00.

Ei handlegate på SPAR med god og romsleg plass.

Dagleg leiar, Gunn Mari Moberg, rosa alle faggruppene for velgjort arbeid. Det er:

  • Winntech m/ Roy Døssland med alt kjølesystem, ventilasjon og varmegjenvinning. Døssland skal vidare ha ansvaret for alarmar og elles alt servicearbeid.
  • Lio Sag: Snikkararbeid
  • Butek: Arbeid med panel og frontar
  • Kvinnherad Elektro – elektro. Frida Saghaug har leia dette arbeidet.

Alle tilsette har vore med på ned- og oppakking av varer og elles gjort ein framfrå jobb med å få butikken klar til opninga. Gunn Mari nytta også høve til å takka kundane for god støtte og tolmod i den tida alt har vore snudd på og plassert på nytt.

Regionleiar Inge Birkeland og driftsleiar Johann Ringdal var med på opninga. SPAR Uskedalen er den fjerde i rekkja av 80 SPAR butikkar på Vestlandet med ny profil. SPAR Uskedalen var den fyrste SPAR butikken i landet med skiltmalar på nynorsk. Det var i 2014. Uskedalen viste veg. No har mange komne etter og vald det same.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal