Oppdatering: Melder om litt startproblem.

Spar Uskedalen har lenge seld ut ein del varer til sterkt redusert pris for å unngå at matvarene blir kasta. Dette er som regel varer der det nærmar seg at datoen går ut, men det kan også vera varer som har fått ein ubetydeleg skade t.d. under transport. Desse varene har vore plassert i ei eiga kjølehylle. No har dei teke dette tiltaket for å redusera matsvinn eit steg vidare gjennom appen “Throw no more”. Denne kan lastast ned på mobiltelefonen.
Appen gjev kundane oversikt over kva varer som er til reduserte prisar. Dette kan dei sjekka før dei går i butikken, og dermed kan kundane ta dette med i planlegginga av handlelista.
OPPDATERING: Kjersti N. Børve ved Spar Uskedalen melder at dei har nokre innkjøringsproblem slik at det som appen viser ikkje stemmer med det som er nedprisa. Feilen er meldt inn, og dei håpar at systemet snart fungerer slik som det skal. Spar beklagar dette overfor kundane.

Datasystemet til butikken er til god hjelp for å halda orden på kva varer som skal leggjast ut på appen. Kjersti Nilsen Børve fortel at dei får melding om varer som nærmar seg dato. Betjeningen nedprisar då varene som skal i billeghylla. Etter kvart som dei nedprisa varene blir betalt i kassa, blir dei tekne vekk frå appen.

Litt av det som var på appen onsdag middag.

Dette er ein vinn-vinn-situasjon. Kundane får kjøpa gode motvarer ekstra billeg medan mengda med mat som blir kasta, blir redusert. Underteikna nytta seg av appen i dag, og resultatet blei både kjøttbollar, pizza og svinekotelettar til halv pris. Kor mykje eg tente på handelen har eg ikkje rekna ut, men viss eg ikkje berre var ei sjel og ei skjorta, kunne eg kjøpt mykje meir. Eg har i alle fall vore med på å redusera matsvinnet.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland