Sosialt fellesskap og inkludering er grunnlaget for å bli tildelt Folkehelseprisen.
Sosialt fellesskap og inkludering ligg i botnen for å bli tildelt Nasjonalforeningen for folkehelsen sin Folkehelsepris. Astrid og Pål Haugland oppfyller desse krava fullt ut og er verdige vinnarar av den regionale prisen. Ny dagleg leiar på fylkeskontoret, Sara Mead, sa fram helsing. Ho hadde merka seg søknaden frå Uskedal helselag med gode argument som bakgrunn for nominasjonen.
Elsa Helland, styremedlem i fylkeslaget, la vekt på i si helsing at Folkehelseprisen heng høgt. Heile fem kretierier må vera på plass før ei tildeling. Astrid og Pål Haugland har over lang tid synt positiv vilje og evne til å bidra i lokalsamfunnet med å skapa nettverk og aktivitetar som skaper trivsel og livskvalitet.
Pål takka for tildelinga og understreka kor viktig det var med aktivitetar for alle uansett funksjonsnivå. I idretten er det ofte snakk om konkurranse, om å vera best. Like viktig er inkludering og tiltak for å hindra utanforskap.
Audun Eik helsa frå Dugnadsgruppa. Thor Inge Døssland sa fram helsing frå Uskedal musikklag. Leiar i Uskedal Helselag, Eli Roseth Eik, leia arrangementet på Sørestølen. Styret og medlemer i helselaget serverte kake og drikke til alle dei nær på hundre frammøtte, faktisk frå mange bygder. Bjørgulv Eik fortalde om Engel Steinsletten ( f. 1896 ), ho som i åra etter 1945 skreiv den lokale teksten Eikedalen. Tonen er henta fram og Eva Megyesi skreiv ned notane til melodistemma. Den blei så sendt til Bjørn Aakre i Trondheim som laga korpsarrangement til songen. Aakre har laga fleire arrangement til bandet.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal