TV serien Søringen og samen i tre episodar er klar for premiere i morgon, måndag 30. januar, på TV2. Kvart program varer i 44 minuttar. Anders Kråkevik er filmskaparen. Bakgrunnen er at Kråkevik gjorde eit forsøk på å flyga Noreg på langs med motorisert paraglider. Turen stoppa på Finnmarksvidda der Anders møtte reindriftssamen Mathias A. Oskal. Det utvikla seg til venskap og Kråkevik starta filmprosjektet som handlar om reindrift og livet på plassen over fire årstider. Anders Kråkevik er til vanleg oljearbeidar, bur på Eikelandet Brygge i Uskedalen og er på mange måtar ein eventyrar med fleire planlagde prosjekt i åra framover. Han les sjølv kommentarane på filmen.

Teekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto