Mykje folk var samla i Uskedal kyrkje i kveld då Singing Tweens inviterte til familiekonsert med Bjarte Leithaug og born frå sundagsskulane Uskedalen, Husnes og Rosendal. Med god øving i forkant og før konserten i dag, vart framføringa ei topp oppleving, slik det plar vera då Bjarte Leithaug har instruksjon og regi. Tekstane vart synt på storskjerm og kyrkjelyden song godt med på mange av songane.

Emmie og Aurora Sofie er solistar og har heile koret med i bakgrunnen.

Emmie Musland og Aurora Sofie Guddal Tarberg leia konserten på ein trygg og god måte. Det vi før kalla mikrofonskrekk, er eit ukjend begrep. I tillegg var dei solsitar, noko mange andre også var. Borna framførte tilsaman 10 songar, alle skrivne av Bjarte Leithaug. Sjølv framførte han tre songar åleine.

Mellom avdelingane vart det infromasjon om Misjonsprosjektet til Sundagsskulen i Noreg der ein mellom anna fekk sjå fimen om Simone sin nkvardag på søppelhaugane utanfor Kairo i Egypt.

Foreldre, besteforeldre og sysken fekk oppleva ein konsert med songglede og rytme i kyrkja i kveld.

I innleiinga til konserten sa Bjarte Leithaug fram lovande ord til hovudpersonen bak songprosjektet i Kvinnherad, nemleg Nelly Kjærland. Utan henne med hjelp av mannen Jon Harald, ville det neppe vore nokon konsert. Vi nemner ikkje namn, men merka oss hjelpa med komp på piano, lyd/teknisk, korleiarar, foreldre og Uskedal sokneråd som stod for servering.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal