
Song- og musikkglede, - og bollar med krem.
I Helgheim søndag 2. mars kl.17
Fastelavnssøndag, 2. mars, inviterer Uskedal Musikklag til ei koseleg ettermiddagsstund i ungdomshuset Helgheim. Det blir lagt opp til halvannan time der det blir mykje allsong og annan musikk. I to mindre avdelingar blir det allsongar frå heftet, Song og musikkglede, som musikklaget har fått laga. Her blir det frå repertoaret til både Gluntan og Lindesnes Trekkspelklubb til liks med kjende songar av Alf Prøysen, Johannes Kleppevik og Evert Taube. Innimellom blir det eit par instrumentale nummer med lett og publikumsvennleg musikk.

I tillegg til songen og musikken blir det fastelavnsbollar, kaffi og saft. Under matøkta kan dei som vil, delta i ein liten kjekk quiz, og kanskje blir det eit litt spontant minikåseri?
Det er gratis inngang, men for å dekka utgiftene, blir det ein omgang med åresalg. Det ligg til rette for ein svært koseleg fastelavnsettermiddag for både unge og eldre i Helgheim.
Tekst: Uskedal Musikklag
Foto: Kristian Bringedal
Plakat og nett: Thor Inge Døssland