
Sonesamling i fotball på Kunstgrasbanen i helga.
I helga blir det sonesamling i fotball i Uskedalen. Sone Sunnhordland skal ha trening på Kunstgrasbanen førstkommande laurdag for dei som er fødde 2012. Gutane trenar fra kl 10:00 – 12:30, og jentene kl 13:00 – 15:30. Frå Uskedalen har vi Viljar og Erle Marie som er med. Treninga består først av ulike stasjonar og så treningskamp. Med andre ord, er Kunst’n opptatt i dette tidsrommet. Dei som er nysgjerrige er hjartans velkomne til å sjå på.

Tekst: Per Korsvold Foto: Arkivfoto Nett: Kristian Bringedal