Dei fire sønene til Mari Ann og Tormod Myklebust, Knut Olav, Runar, Audun og Tor Øystein, bad faren skriva livsminne frå bruk 14 på Myklebust. Det vart til boka Arven, ei forteljing om Synneva Knutsdotter. Boka handlar om oldemor hans, gift med jekteskipper Tormod Torekoven frå Odda. Dei fekk åtte born. Sju av dei i tillegg til ein svoger reiste til Amerika. To kom tilbake, mellom anna bestefar til Tormod, Amund T. Myklebust.

Tormod Myklebust på plassen er framsidebilete er teke.

På ei pressesamling dagen før julafta fortel Tormod at han alltid har interessert seg for slekta og dei som utvandra og slo seg opp i Midtvesten og på Vestkysten. Arbeidet deira var mellom anna farming og handel. Heime sat mora, Synneva, dreiv garden i tronge kår. Det er ein arv å ta vare på, ikkje berre frå Myklebust, men også med tilvisning til Hans Nilsen Hauge, Haugerørsla, misjon, forkynning og ei sterk Gudstru. Skipingsmøte til Samskipnaden på Døssland i 1864 er skildra. Det same er bygdelivet i Uskedalen kring hundreårskifte med hermetikkfabrikk, handel og D/S stopp i Beinavikjo og frå andre hendingar i grendene.

Tormod Myklebust har to gonger vore i Amerika, møtt slekta, og gjort eit grundig arbeid med dokumentasjon og kjeldetilfang. Mest årleg har det kome amerikabesøk til Myklebust, slekt som vil sjå plassen der dei sju syskena kom frå.

Tormod syner fram litt av kjeldegrunnlaget for boka.

Arven, ei forteljing om Synneva Knutsdotter handlar om så mykje meir enn utvandring frå seint 1800 tal til inn på 1900 talet. Tormod vekslar med å skildra gardslivet heime på bruket i Uskedalen med det å driva farm og handel i Amerika. Det er noko av dette som gjer forteljinga nyskapande og interessann. Tormod skriv kronologisk. Det har vore periodevis skriving. Målet var å koma i mål med prosjektet innan utgangen av Utvandrarjubileet i 2025. No kan Tormod pusta letta ut. Ei innhaldsrik skildring er samla mellom to permar.

Boka på 335 sider er komen ut på Alpha forlag, førebels i eit opplag på 200 eks. Med stor slekt og stort nettverk må ein rekna med at fyrsteopplaget vil gå ut innan kort tid. Berre slekta på Stord, etterkomarar etter Brita og Ole Vågen, har tinga mange bøker.

Boka er å få kjøpt på SPAR Uskedalen og i bokhandelen på Husnes og i Rosendal. Den som ynskjer det, kan ta kontakt med bokskrivaren på telefon: 971 47 851.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat/ Kristian Bringedal