Dei to siste vekene har alle klassane ved Uskedalen skule hatt mange kjekke aktivitetsdagar. Nokre klassar har brukt ein dag til fjelltur, mellom anna til Skorpefjellet, andre har besøkt Haugland skule og vore på gardsbesøk. Med fokus på både sjø og trafikk viser bildet over frå padle- og sykkelaktivitetar.

Full konsentrasjon på sykkelen!

4.-7.klass​en har hatt besøk av eit opplegg som vert kalla Sykkelkids. Sykkelkids er eit opplæringsprogram i regi av Norges Cykleforbund. Sykkelkids reiser rundt til skuler med sykkeldyktige instruktørar og gjennomfører sykkelopplæring i skulen og borna sitt nærmiljø. Elevane måtte fyrst gå gjennom teoriprøven, før dei fekk prøva seg på ulike øvingar ute på skuleplassen, og langs vegen. Elevane fekk mykje skryt for kor god stand syklane deira var i, interessa dei viste for opplegget, og korleis dei oppførte seg. Vi kjem til å søkja om midlar for gjennomføring i åra som kjem og.

Aktivitetane med Sykkel-kids var veldig populære.

1.-7.klassen har hatt minst 4 “Sjø-dagar”. 1.-5.klassen har vore delt inn i aldersblanda grupper desse dagane. Dei har rullert på aktivitetane som har vore kanopadling, landart, bading/symjing, livet i fjøra, sjøvett og båtlaging. Eine dagen var fokuset på fisking og vi hadde ute 3 trollgarn som nokre elevar fekk vera med å trekkje. Vi var heldige og fekk både torskar, lyrar, flyndrer, ei skate, raudnebb, kråkebollar, trollkrabbe, og ikkje minst eit par maneter. Etter at fisken var sløydd så laga ei anna gruppe fiskesuppe på kjøkkenet, og dei aller fleste elevane våga å smaka. 6.- og 7.klassen har hatt sitt eige opplegg, og dei har hatt både idrett, sjø og land som tema. Ein av dagane var dei på Heio og gjennomførte idrettsdag. Her var og 5.klassen med, og alle elevane fekk prøva seg på idrettsmerket. Dei har og vore på sjøen og padla kano, dei har fiska, bada/symd, balansert på line og laga mat på kjøkkenet. I går hadde dei finale i triatlon. Her var det eitt lag frå 7.klassen som tevla mot eitt lag frå 6.klassen i symjing, sykling og løp. Etter strålande innsats frå begge laga vart det til slutt 7.klassen som gjekk av med sigeren.

Frå diplom- og premieutdelinga.
Desse gutane kan jubla over storfangst!

Til slutt vil vi nemna eit prosjekt som er heilt i oppstarten. Vi har tenkt å laga til ei lita “mekke-bu” på skulen vår, der vi mellom anna kan skru på syklar (reparera øydelagte syklar, samt laga nye ting som t.d. ein olabil av gamle deler). Nokre av foreldra har tatt initiativ til å samla inn gamle syklar, samt få på plass verktøy som vi kan nytta til dette. Vi er svært takksame for dette og vi gler oss til å setja i gong med dette frå hausten av. Vi kjem sikkert til å be om meir deler (gamle syklar, barnevogner o.l. etter kvart), men no har vi nok til å starta med. Tusen takk til Byggern Teigen for sponsing av mykje godt verktøy, og tusen takk til foreldra som har samla inn syklar og levert anna verktøy til oss.

God sommar frå alle elevar og tilsette ved Uskedalen skule!

Tekst og foto: Uskedal skule v/rektor Odd Steinar Arnesen.
Nett: Thor Inge Døssland.