På veg opp til Dønhaug Gardsbarnehage blei eg møtt av nyslåtte kantar og skråningar. Dei to karane som hadde æra for dette arbeidet, møtte eg oppe i sjølve barnehagen der dei var i full sving med høgtrykkspyling og vasking. Karsten Huse Bjørnebøle og Tørres Tungesvik Myklebust driv denne veka med det vi kan kalla “vaktmeisterarbeid” i barnehagen medan den er sommarstengd. Begge er 17 år og fyller 18 i løpet av året. Begge ser ut til å trivast med oppgåvene dei har.

Karsten fortel at han tidlegare i sommar har jobba på avdeling i barnehagen. Han har tydelegvis likt seg godt saman med kollegaene og barna. Einaste minus han kan koma på, er at det var litt få barn då mange var ute på sommarferie.

Nokon framtidig “barnehageonkel” blir sannsynlegvis ikkje Karsten. Han har staka ut ei framtid med håp om arbeid offshore. No er han nett ferdig med Vg2 på elektro, og til hausten startar han som læring hos Aker BP, og dermed er alt offshore-livet i gang.

Tørres håpar også på arbeid offshore i framtida. Han kan sjå tilbake på eit år på elektro på Husnes før han siste året har gått på automasjon på Stord. Der har han eit år igjen. Viss ikkje det ordnar seg med jobb offshore, satsar han på noko robotikk eller noko i den gata.

Tørres har starta på feriejobben denne veka med vaktmeisteroppgåvene, og neste veke skal han ha ansvar for å sjå til dyra. Dyra på garden kjenner Tørres godt. Dei har han jobba med annakvar helg i 4-5 år allereie. Det er ein jobb han og Karsten har delt på, og det er derfor dei har jobba annakvar helg. På garden er det om lag 30 sauer som er på fjellet no. Heime har dei derimot ein fin flokk med flaskelam, og det er tydeleg at dei er vane med masse kos der dei kjem springande mot dei to røktarane. I tillegg har dei eit par grisar og ein høneflokk som er til stor glede for barna som går i barnehagen.

På fritida er Karsten ein svært talentfull keeper på A-laget til Trio. Med laget er målet å rykkja opp til 4.divisjon, noko dei ligg godt an til. No er treningane nett starta opp igjen etter ferien, og til vanleg trenar dei 3 gonger i veka. I samband med Festidalen gjorde han ein flott dugnadsinnsats som medlem av gruppa som hadde ansvar for det elektriske anlegget.
Tørres var også ein svært talentfull fotballspelar, men han har no til ein viss grad lagt fotballstøvlane på hylla. No spelar han berre for moro saman med venner på fritida. Elles er han glad i å fiska, og likar både fiske i sjø og fjellvatn.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland