Eg møter på 16 år gamle Elias Jensen Eide travelt opptatt med å plassera nye varer i hyllene på Spar Uskedalen. Den hyggelege ungdommen tar seg likevel tid til ein kjekk prat. Han er etterkvart blitt eit velkjent ansikt for dei faste kundane, og han fortel at han har jobba fast to ettermiddagar i veka frå i fjor sommar. Denne sommaren fekk han sommarjobb der han jobbar etter vanleg turnus.

Elias fortel at han i hovudsak har som oppgåve å plassera varer i hyllene, men han har også andre oppgåver. Han har fått opplæring i kasse, men det er begrensa kor mykje han har den oppgåva på grunn av den låge alderen. Det er som kjent nokre varer han ikkje har lov til å selja.

Elias seier at han trivest veldig godt i jobben på Spar. Han rosar både kundane, kollegaene og sjefane, og synest at han har veldig kjekke dagar på jobb.
Eg spør korleis han fekk denne jobben. Han fortel at han var der då han hadde utplassering i slutten av 9.klasse på ungdomsskulen, og etter sommaren spurde dei om han var interessert i jobb eit par ettermiddagar i veka. Den sympatiske ungdommen hadde nok tydelegvis gjort eit godt inntrykk.

No er Elias ferdig med ungdomsskulen, og han er klar for å ta det neste steget. Han skal begynna på elektrofag ved Kvinnherad vidaregåande skule til hausten, noko han gler seg til. Dermed håpar vi, som kundar, å treffa på den blide ungdommen på Spar også framover.

Eg spør om han får tid til fritidsaktivitetar innimellom skulearbeid og jobbing.
– Ja, eg er med på fotball og trenar to gonger i veka, og i tillegg har eg eit par plenar som eg slår, avsluttar ungdommen som glir flott inn i den supre betjeninga på Spar Uskedalen.

Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland