Etter 18 års drift av Dønhaug gardsbarnehage, vart det mandag ettermiddag stelt i stand til den aller siste sommarfesten for barna, med familiar. Det var god stemning trass litt dårleg sommarvèr.

Dei tilsette i barnehagen fekk merksemd med gode ord og gåver frå alle barna med foreldre.

Mandag ettermiddag vart det stelt i stand til sommarfest i Dønhaug gardsbarnehage. Dette vart også ei markering for dei 18 åra barnehagen har vært åpen. Styrar og eigar Helene Huse Bjørnebøle åpna festen med ein tale der ho takka for godt samarbeid med dyktige folk som har arbeidd i barnehagen alle desse åra. Ho la også til at dette ikkje hadde fungert utan god støtte og hjelp frå familien. Foreldra fekk ein takk for tilliten dei har fått ved å la barna få gå i gardsbarnehagen.

Sjølv fekk ho gode ord og gåvedryss frå sine tilsette som syner at dei har sete stor pris på ein god leiar og eit godt arbeidsmiljø. Ho fekk mellom anna ei flott karikaturteikning med teksen “Gudinna av Dønhaug”.

Gudinna av Dønhaug, Helene Huse Bjørnebøle.

Etter gåvedryss og talar fekk alle servert pølse og kake. Det var også laga til rebus-løp og vannsklie. Men mest populært var nok der barna fekk kaste våt svamp på dei ansatte eller eit medlem av familien.

Åge Korsvold med eit godt treff på mamma.

Dette var ein kjekk fest for små og store og ei fin avslutning på tida i barnehagen. Foreldregruppa er strålande nøgd med dei gode dagane som barna har hatt alle desse åra i Dønhaug. Tusen takk!

Tekst/nett/foto: Marianne Korsvold