Som sist laurdag, vart det på nytt ein fin dag med bading, båtliv, kajakk, vasskuter og grilling. Med varme i lufta kring 25 grader var det fin badetemperatur også. Det var godt med folk på badestrendene Beinavikjo, Stølavikjo, Gullvikjo, ved Rabben Feriesenter og ikkje minst på private kaiar. Vasstrampolina i Gullvikjo var svært populær i dag. Må vi få fleire slike dagar.

På sjøen, på veg til Steinsletto etter ein tur på Skorpefjellet.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal