Innlegget om ørneparet og ørneungen på Skorpo er godt stoff. Sigve Solheim, som veit det meste om ørn i Kvinnherad, har merka seg innlegget og likar videosnutten. Det er ein flott observasjon og ein fin video. Solheim fortel til uskedalen.no at det er i desse dagar at ungane tek sine fyrste flygeturar. Dei kan vera ganske hjelpelause når dei landar. Men trening gjer meister. Dei har no vore i reiret i 10 – 11 veker. Der blir dei mata av begge foreldra. Eit havørnpar held saman heile livet. Ungen vil enno eit par månader vera avhengig av at foreldra hentar mat til han. Vi spør om ørn finn mat frå oppdrettsanlegga. Det er mogeleg. Sigve Solheim ser ofte ørn over lakseslakteriet på Sunde, men not over medane gjer at det er vanskeleg å henta opp fisk. Laksen kan og vera for stor for ho. Ørn kan ikkje løfta fisk over 2 kg opp frå sjøen. Vi gjer merksam på at bilete ikkje er frå Skorpo, men frå ein plass i ytre deler av Kvinnherad.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Sigve Solheim