Eikedalen
Eikedalen

Vi har henta fram ei sak frå slutten av januar 2019 om sola som er tilbake i det meste av Uskedalen, like aktuelt kvart år. På fine dagar ser vi glytt av sola, meir og mindre sol alt etter kor du bur i Uskedalen. På Fjellandsbø/ søre Musland og Skorpo har dei sol heile året. Liv og Audun Eik på søre Kjærland og Håkon Haugland i Urdo har ein liten solglytt, faktisk berre 4 minuttar sol på det minste. Nokre på Haugland ser i sola straks etter. På nokre veker auka tida til ein time.

Alle, vi snakkar med i Uskedalen, er svært opptekne av sola, kva tid ho kjem tilbake, kor mange veker ho er borte og kor ein fyrst ser sola. Nokre kan til og med sei kor på huset og i kva rom dei fyrste solstrålene er synlege. Barnehagen markerer sola med solfest.

Jens Tvedt skriv songen Det dagst i Noreg med sol på tind. Siste veret byrjar slik: Snart kjem det ein solfest med song og slått, skal spyrjast såvide ut. Rett nok er teksten i Det dagast i Noreg tenkt som ein kampsong i ei tid med norskdom og målsak.

Her kjem ein kort gjennomgang om sola i Uskedalen.

Skorpo har som sagt sol heile året. Det er mest synleg i Vågen og i Steinaneset. Oskar Langballe fortel at heime i hans tun er det sol gjennom Eikeskaret. 3. februar går sola over Ulvanoso og Englafjell.
Myklebust og Dønhaug: Her kjem det sol kring 27. januar, fyrst i Skaret på Fjellandsbø, seinare i Børsdalen og i Eikeskaret. Det går fire veker til sola går over Englafjell og stryk seg ned over Manen
Beinavikjo: Den fyrste solglytten er kring 20./21. januar. Flatebøhuset har ein gløtt inn på eit soverom to dagar før,- 19./20. januar
Neset: Birger Myklebust fortel at han ser i sola 24. januar, faktisk i Eikeskaret. Holmen har sol nokre dagar før Neset.
Eik/Steinsletto: Her ser ein ei solstrime ned Eikedalen i slutten av januar månad. Derimot er Eik og Steinsletto den plassen i Uskedalen som har mest morgonsol på sommaren
Minst sol er det på Døssland og øvre Fet, om lag fire veker etter andre plassar i bygda. På Klammeren er det også lite sol. Det same i Lio, sjølv om plassen høyrer til Herøysundet.
Vi starta med å sei at søre Kjærland har glytt av sol heile året. Dei må likvel venta til 9. februar før sola går over Ulvanoso og like til 12. mars før ho går over Englafjell.

Redaksjonen vil gjerne høyra om du har forteljingar og minne frå dei fyrste soldagane etter ein myrk vinter.

Tekst/nett: Kristian Bringedal

Foto: Kristian Bringedal/ Øystein Enæs