Fylkeskommunen har midlar til opparbeidng og restaurering av historiske stiar og ferdslevegar. Tilskotet er ein del av Frivilligåret 2022 og gjeld for lag, organisasjonar og andre frivillige grupper som jobbar med eller ynskjer å løfta fram ein gamal veg eller sti med historisk interesse. Ferdigstilling av Stigen over Bergsheiane i Herøysundet er eit aktuelt prosjekt. Uskedalen har stigen over Skaret til Indre Matre og ikkje minst gamlevegen til Rød og Ljosnes.

I utlysingsteksten les vi at midlane kan nyttast til opprustning av stiar og ferdslevegar for å auka bruken og på den måten synleggjera historiske tema i område. Maks søknadssum er kr. 100.000,-. Søknadsfristen er 15. februar. Du finn meir på Vestland fylkeskommune sine heimesider.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal