40 cm nysnø på ei natt er ikkje så vanleg i Uskedalen, men i dag vakna vi til store snømengder. Alt av brøytemaskinar var i drift for å halda sentrale vegar og parkeringsplassar tilgjengelege. Med temperatur kring 0 gr. sokk snøen saman i løpet av dagen. Ansvaret for brøyting er fordelt på fleire entreprenørar:





  • Sau & Sånt, innleigd av MESTA, har Fylkesvegen gjennom sentrum, vegen på Døsslandssida og vidare til søre Musland.
  • Musland Maskin har kommunal brøyting, slik som Eikevegen, skulen/barnehagen og bustadfelta.
  • Haugland Mjølk og Maskin har det meste av privat brøyting, mellom anna P plassen ved SPAR, Kvinnherad Vekst, Hjønnevåg, Geilo og fram til Holmen og ei rekkje private vegar og tun.

Frå dei som bur langs Eikevegen, vert det meldt frå om god brøyting. Det mest kritiske punktet er sløyfa før ein kjem opp der Bjørgulv Eik bur. Haugland Maskin var tidleg på plass og fekk brøytt private vegar på Eik.

Kommunal veg til Beinavikjo fekk også tidleg brøyting.

Det var ei brøyting på dalen i natt. Elles kom dei litt seint tilbake med brøyting nr. 2. Det vart likevel ikkje problem for dei som skulle på jobb tidleg. Kommunal brøyting frå søre Musland til Fjellandsbø vart gjort kring kl. 08.00.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal