Den kalde vinteren gjer at Kvinnherad Vekstbedrift sel store mengder ved. Dagleg leiar, Tor Vidar Sæle, fortel til Kvinnheringen at sesongen så langt har vore den beste nokon gong. Totalt var det 7500 sekker ved på lager. No er det meste seld og køyrd ut til kundane.

Kvinnherad Vekstbedrift har nytta seg av innførsel av ved via eit importfirma i Bergen.Totalt tok ein inn 7000 sekker på 40 liter og 500 sekker på 60 liter. Det gode salet har samanheng med utvida kundekrets og at fleire brukar meir ved enn normalt i ein stabil og langvarig kuldeperiode.

Tor Vidar Sæle er godt nøgd med den store interessa for Kvinnherad Vekstbedrift sine tenester. Kunden får veden levert på døra. Ikkje nok med det. Sjåføren og sidemannen er hjelpsame med å få veden på plass ut frå kjøpar sine ynskje. Ikkje alle er klar og i stand til å bera inn og stabla vedsekkene.

I august 2020 kom store mengder ved i sekk til Kvinnherad Vekstbedrift. No er alt seld.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal