No er det snart berre ei veke att til den store Bjarte Leithaug konserten, laurdag 5. april, kl. 17.00 i Uskedal kyrkje. Øving frå kl. 14.00. Singing Tweens og Rosendal Tweens inviterer og saman vil ein laga eit lokalt felles barnekor.

Her oversikt over songane i felleskoret med Bjarte Leithaug.

Velkomen er du som går i 1. – 8. klasse. Ta med deg venen din, barnelaget ditt, naboen din, sysken og andre i slekta. Det vert ein innhaldsrik dag. Skjema under syner songane i felleskoret, tittel og kva ein øver på. Du kan også gå til Spotify og finna songane for å syngja med.

Det er gratis inngang. Høve for å gje ei gåve til Rosendal Tweens og til Singing Tweens. VIPPS: 131504

Uskedal sokneråd er medarrangør.

Tekst/foto: Presse
Nett: Kristian Bringedal