Smell på Døsslandssida onsdag ettermiddag.
Haugaland Kraft utfører for tida arbeid på ei 66 kV-kraftline i Uskedalen. Onsdag ettermiddag (2. juni) vil det bli gjennomført skøyting av linjetråd ved hjelp av sprengladningar.
Det vil bli nokre slike smell i 14–15-tida på Døsslandssida, ikkje så langt unna Rabben camping. Arbeidet skulle vore annonsert, men på grunn av ein glipp har ikkje dette skjedd, forklarar kommunikasjonsrådgivar Gunn Evy Auestad i Haugaland kraft til Kvinnheringen.
Arbeidet med linja vil halda fram heile månaden, då er det tale om måndagar, tysdagar og onsdagar frå 07.30 til 20.30. Men det er særleg i veke 22 og 23 det vil bli brukt sprengladningar, totalt er det snakk om eit titals høge smell til saman. Kva andre dagar det blir høge smell er ikkje mogeleg å varsla på dette tidspunktet, opplyser Auestad til Kvinnheringen, og avisa undrast på kor mange uskedelingar det er som søler kaffi på låret når smella kjem.
Tekst: Sak i Kvinnheringen/Jonn Karl Sætre. Nett: Thor Inge Døssland