Torsdag for ei veke sidan hadde Tor Øystein Myklebust sin siste dag som brannmeister i Branntropp Uskedalen. Etter brannøvinga på Uskedalen Brygge i Beinavikjo var det samling på stasjonen med kake og helsingar frå leiinga i Brann og redning i kommunen. Tor Øystein kom med i branntroppen i 2005. Frå 2018 har han vore tilsett som brannmeister, etter Kjell Tungesvik slutta. Tor Øystein Myklebust har vore med å utvikla branntroppen til det vi ser i dag, ei dyktig gruppe med kunnskapar og kompetanse på dei oppdraga ein må ta innan brann og redning. Han la ned ein stor innsats i arbeidet med å behalda brannstassjonen i Uskedalen, ei sak som har vore oppe ved fleire høve. På bilete er Tor Øystein Myklebust er nr. 5 f.h. Frå Kvinnherad brann og redning møtte Jan Tore Bruckner og Øyvind Ousdal.

Tor Øystein Myklebust ( t.v. ) saman med Sindre Eidsvik på taket på Telegrafbygget i Beinavikjo.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal