For vel to veker sidan var det slutt på matlevering frå Dill på Halsnøy. Styret bad om oppbod i selskapet og med det var Dill konkurs. Fleire brukarar i Uskedalen har nytta seg av tilbodet frå Dill med utlevering to gonger i veka og dermed hadde ein middag heile veka. Anne Margrethe Mathisen var ein av kundane i Uskedalen. No er det tilbake til Fjordland.

Dill tok til med matutleverig i 2009. Det starta på Halsnøy og vart seinare utvida til Husnes. Etter eit informasjonsmøte på Husnestunet, der representantar frå Uskedal utvikling og Uskedal Helselag var tilstades, vart tiltaket utvida enno ein gong, med utkøyring av mat til eldre og heimebuande i bygdene frå Husnes til Rosendal.

Ved konkursen for stutt tid sidan fekk heile 60 brukarar middag og dessert levert på døra to gonger i veka. Alle var nøgde med ordninga. Maten hadde høg kvalitet. Variert meny og nykokt middag er viktig for trivsel og matlysta. No er det slutt og ein må finna andre løysingar.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal