Bilete øverst: Nokre av uskedelingane som har hatt glede av å vera med i HUBB. Birgitte, Kaja, Lene, Vegard og Eirin.

Sist veke beslutta styret i Hordalands ungdoms brassband å leggja ned korpset etter 15 år med aktiv drift. Korpset har vore eit særs viktig musikalsk og sosialt tilbod til korpsungdommar i fylket. Mange uskedelingar har hatt glede av å vere med i korpset, og HUBB har hatt samlingar med konsertar både i Uskedalen og i Rosendal.

HUBB med Tor Endresen og Frode Alnæs som solistar, og Eirik Gjerdevik som dirigent. Jubileumskonsert 2011.(5 år)

HUBB hadde den første samlinga si i februar 2006, og har etter det hatt 3-4 samlingar kvart år. Til saman blei det 52 samlingar, og 350 korpsungdommar frå heile fylket var gjennom åra innom korpset. Eldsjelene Ole Johan Aarlie og Kjersti Pisani stod heile tida bak drifta. Dei gjorde ein formidabel innsats og fekk eit særs godt forhold til musikarane som omtala dei som mor og far. No har det ikkje vore mogeleg å samle korpset sidan november 2019, og det er heller ikkje råd å planlegge noko det næraste halvåret. Dermed ville mest heile korpset bli skifta ut, og ein måtte starte på nytt. Det blei for tungt, og det er bakgrunn for nedleggingsvedtaket sist veke.

Mange uskedelingar har hatt glede av å vera med i korpset. På det meste var det faktisk 7 på same samling. Vegard Døssland blei første kvinnhering etter prøvespeling på Askøy i mai 2007. Han hadde lang fartstid som gav mange flotte opplevingar. Etter å ha starta på 3.kornett, vart han etterkvart principal, og han fekk mange solistoppgåver med korpset. I den samanheng fekk han også spela duett med ei av dei verkekeleg ‘store’, Tine Thing Helset. Etter at han var slutta og hadde flytta til Oslo, vart han i 2014 invitert til å vera solist med korpset under markeringa av 200-årsjubilèet for grunnlova på tusenårsstaden Gulatinget i Eivindvik i Sogn.

Trommis Sindre Aksnes var sentral i korpset i fleire sesongar.

Fleire andre uskedelingar hadde også stor glede av å vera med i korpset. Birgitte Hjelmeland(althorn), Sindre Aksnes(slagverk) og Bjørn Naterstad(trombone) hadde fleire sesongar i korpset, og både Kaja Døssland(kornett), Eirin Rørheim Kjærland(kornett) og Lene Storevik Myklebust(baryton) var på fleire kjekke samlingar med HUBB. I tillegg var fleire andre kvinnheringar med i korpset. Musikarane fekk oppleva å spela med mange dyktige dirigentar, og til nokre samlingar var kjendisar henta inn som solistar for å setja ein ekstra spiss på konsertane. I tillegg til nemnde Tine Thing Helset kan vi nemna Tor Endresen, Frode Alnæs og Bjørn Jensen frå Salhusvinskvetten.

Samlingane blei haldne på skular rundt om i fylket. Alle samlingar blei avslutta med flotte konsertar, og det var eit særs billeg og godt tilbod for dei som var med. Det blei altså eit lite virus som skulle ta knekken på HUBB. No håpar mange at nokon tar opp hansken etter Kjersti Pisani og Ole Johan Aarlie når situasjonen normaliserer seg. Brassfylket vårt treng verkeleg det supplerande tilbodet som eit ungdomsbrassband er i tillegg til Hordaland Ungdoms Korps(HUK).
Stor heider til eldsjelene Kjersti og Ole Johan for særs viktig innsats for ungdommane gjennom desse 15 åra!

Ole Johan Aarlie og Kjersti Pisani har gjort ein formidabel innsats for ivrige korpsungdommar. Her vert dei overrekt blomar som takk frå dåverande leiar i NMF Hordaland, Eirik Helland, under jubileumskonserten i 2011.
Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland.